– Vinterens bølgje av covid-19 er på retur. Sjukehusa og kommunane må framleis vere førebudde på luftvegsinfeksjonar og innleggingar med luftvegsinfeksjonar i tida framover, skriv Folkehelseinstituttet (FHI) i vekerapporten sin.

Antalet nye innleggingar med laboratoriestadfesta covid-19 gjekk ned i løpet av dei siste to vekene. Den første veka blei år 350 personar innlagt, ned frå 596 i siste veke i fjor.

I veke éin er det førebels registrert 39 koronarelaterte dødsfall, tal som ventast å bli oppjustert.

Det er i størst grad personar over 75 år som blir innlagde og døyr med covid, ifølgje FHI. Og andelen er høgare blant personar som ikkje har teke koronavaksinen.

Omikronvarianten kalla BA. 2.86 har auka raskt den siste tida. Den har på kort tid vorte dominant i Noreg og utgjer no rundt 90 prosent av undersøkte virus.

Etter stigande influensaaktivitet i jula har det gått noko ned etter nyttår. Denne nedgangen er venta, understrekar FHI. Talet på innleggingar har gått ned frå 393 i veike 52 til 224 i veike 1.

– Den vidare utviklinga er usikker. Vi kan ikkje sjå bort frå ein ny tilvekst seinare i januar og ny topp på seinvinteren, skriv FHI.