Foto: Jonas Otneim

På marka mellom Bakk-Ola-Marka og Barnas Vel ligg ein flekk med flis og seksten bed ved sidan av kvarandre.

Foto: Jonas Otneim

Dette er Ørsta sirkelhage.

I dag er første klasse på Velle skule på besøk.

Dei skal lære seg å sette poteter og sukkererter.

Biolog og økolog Kristin Wangen har tatt eit gründerhopp og starta Ørsta sirkelhage. Ho driv hagen som eit ideelt aksjeselskap for å kunne gi barna i bygda ein skulehage. No håpar ho å få Ørsta kommune som kunde og samarbeidspartnar.