Bakgrunnen for dette er at fylkeskommunedirektøren foreslår å innstille arbeidet med etablering av ei slik rute på grunn av høge kostnader med det. Og også fylket har avgrensa med pengar.

Men dei tre ordførarane argumenterer med at å etablere ei ny rute tar frå utlysing til igangsetting inntil tre år.

– Det me no ser i hurtigbåtmarknaden er at nullutsleppsbåter er mogle. Teknologien på batteri er i utvikling, nye moglege fartøykonsepter er under vurdering, samt moglegheita for bruk av hydrogen. Det som er heilt klart er at ein hurtigbåt i dag ikkje er det same som ein hurtigbåt om 5 år. Det er difor særs uheldig om ruteutviklingsarbeidet som er sett i gong vert stoppa. Me kan ikkje risikere at den moglegheita som Stad skipstunnel gir oss, blir teke ifrå oss, argumenterer, Ola Teigen (Kinn kommune), Lena Landsverk Sande (Vanylven kommune) og Gunnar Silden (Stad kommun).

Slik dei ser det er hurtigbåt frå Ålesund til Bergen, gjennm Stad skipstunnel, viktig for å knyte regionen saman. I strekninga mellom Florø og Ålesund er det stort potensiale for å byggje ein sterkare bu- og arbeidsmarknad. Raskare veg til Ålesund opnar også for å nå Vigra lufthamn.

Dei ber difor fylket om å halde fram arbeidet med finansiering og optimalisering av båtruta. Dei meiner også det er naturleg å invitere staten til spleiselag.