Fondet har fått namnet Såkorn 1 Midt.

- Vi investerer 150 millioner kroner frå samfunnsutbyttet vårt i midtnorske grundarar og oppstartarar, seier Stig Brautaset, konserndirektør i SpareBank1 SMN, divisjon Sunnmøre og Fjordane, i ei pressemelding.

Saman med banksjefane for næringsliv i divisjonen, Jan Rune Hurlen og Sigrun Vartdal, ser han føre seg større summar:

- For å få noko til å skje, må nokon gå foran. Her er det eit kjempepotensial for å vidareutvikle midtnorsk næringsliv. Vi inviterer investorar til å bidra saman med oss, og har eit mål om å sikre fondet ein forvaltingskapital på 300-500 millioner kroner som då skal gå til oppstartsbedrifter og gründersatsing i Møre og Romsdal, Fjordane og Trøndelag, står det i pressemeldinga.