Det er fleire grunnar til at nordmenn reiser ut av landet i juleferien. Nokre søkjer sol og varmare klima eller noko annleis i den tradisjonelle høgtida. Nokre ønskjer òg å oppleve julefeiring i andre kulturar, med unike tradisjonar som skil seg frå dei ein er vand med.

Samstundes kan det vere at nokre nordmenn vel å reise bort for å unngå det vanlege julestresset heime. Det kan vere ein sjanse til å senke skuldrene, kople av og ta ein pause frå forpliktingane som følgjer med jula.

Samanlikna med i fjor, aukar bestillingane til alle vinterreisemåla i år, ifølgje kommunikasjonssjef i reiseselskapet TUI Noreg, Anne Mørk-Løwengreen

– Nordmenn prioriterer framleis reising høgt, og spesielt på denne tida av året, seier Løwengreen.

Charter for små og store

Samanlikna med same tid i 2019 – siste året før pandemien – har salet av reiser til jul- og nyttårsferiar auka med 17 prosent hos TUI.

Av charterdestinasjonar, er det Kanariøyane som dominerer, med Gran Canaria i toppen og Tenerife og Lanzarote like etter.

– Vi ser at når det gjeld charter, så er det veke 52 som er aller mest populær. Då får du med deg julefeiringa heime og kan nyte fridagar og nyttårsaftan i sola etterpå.

Det er ei god blanding av par og barnefamiliar som reiser til utlandet rundt jul og nyttår, ifølgje Løwengreen.

Flest heimekjære

Ein viktig faktor for at nordmenn skal velje å reise utanlands i jula, har òg med dei raude dagane å gjere. I år kjem første og andre juledag på måndag og tysdag, og første nyttårsdag på måndag. Det vil seie at ein kan få lang jule- og nyttårsferie, om ein har vore taktisk.

Audun Pettersen er bransjedirektør for Virke Reiseliv. Han seier at trass i at der er mange som reiser ut av landet i jula, er dei fleste nordmenn heimekjære.

– 88 prosent av nordmenn vel å bli heime i jula. Av dei 12 prosentane som skal reise til utlandet i jula, er det nabolanda våre som er mest populære, som regel fordi ein skal besøkje familie der. Etter det har dei fleste som regel Spania – og spesielt Kanariøyane – som destinasjon i jula, seier Pettersen.

Fleire vel pakkereise i dyrtid

Trass i at London framleis er ein populær destinasjon for dei som vil på førjulsshopping, har dyrtida gjort at det er færre enn før som reiser til den engelske hovudstaden, fortel Pettersen.

– Valutaen speler inn her. Det blir for dyrt for mange nordmenn no, sjølv om prisnivået ofte er lågare i utlandet enn i Noreg. Vi ser det òg på dei som reiser på ferie til utlandet, at det er fleire som vel all-inclusive. Då er det enklare for dei å planleggje budsjettet sitt.

Anne Mørk-Løwengreen fortel at dei opplever det same i TUI.

– Nordmenn vel anten å bu på all Inclusive-hotell, der all mat og drikke er førehandsbetalt, eller på leilegheitshotell, der ein kan lage mykje av maten sjølv. Det kjem antakeleg av at budsjettkontroll er veldig viktig no grunna det økonomiske klimaet. Så vi vil framleis reise, men er blitt meir prismedvitne. Verdi for pengane er viktig, seier kommunikasjonssjef i TUI Norge, Anne Mørk-Løwengreen.

Undersak: Storby og spanske strender i jula

Norwegian har teke fram lista over dei mest populære utanlandsreisemåla i jule- og nyttårshelga. I år er storbyane populære, samtidig som Spania held fram å vere eit favorittland.

Årets liste viser at byane i Europa og spanske strender er mest ettertrakta. Dette er dei ti mest populære feriemåla i utlandet blant norske reisande i jule- og nyttårshelga:

*London

*Alicante

*Berlin

*Malaga

*Barcelona

*Krakow

*Las Palmas

*Tenerife

*Paris

*Roma

Lista er basert på reisemåla frå Oslo lufthamn Gardermoen mellom 20. desember 2023 og 7. januar 2024:

(©NPK)