Det fortel Volda kommune på si heimeside.

Vidare skriv kommunen at slike bakteriar kan dukke opp i drikkevatnet av og til utan at det er farleg for menneske.

«Vi vel og starte kloring av drikkevatnet fram til fredag for å bli kvitt bakteriane.

Du kan nytte vatnet som normalt, men enkelte abonnentar har tidlegare reagert på forandring i smak og lukt når vi har klora vatnet og vel difor og gå ut med meldinga før vi starta opp kloring.

Sjølv om vatnet skulle få ein annan smak og lukt, er det heilt trygt å drikke det.»