Det fortel førstekonservator i Viti-musea, Eldar Høidal, i ei pressemelding.

Han skriv vidare:

«Bedrifta vart etablert i 1929 i Sykkylven under namnet Møre Kurvmøbelfabrikk. Initiativtakarane var Jens E. Ekornes og Petter P. Langlo. I 1931 flytte dei produksjonen til Ørsta der bedrifta har vore sidan under skiftande namn: Møre Lenestolfabrikk, Møremøbler og frå 1997, Fora Form.

Fora Form er Norges mestvinnande designbedrift, med 35 Merke for god design, fire DOGA-merke og tre klassikarpriser. Fora Form samarbeider til ein kvar tid med utvalde designarar og hovudarbeidsområdet til bedrifta har dei siste femti åra vore møblar for offentlege møteplassar.

I sommarens Fora Form-utstilling, som er fordelt over to arenaer, Møbelmuseet og Berlihuset i Sykkylven, vil dei besøkande få sjå høgdepunkt frå Fora Form-historia. Alle produkta som har vunne prisar er utstilte og designarane bak produkta er presenterte.

I utstillinga vil ein også finne nyheita Fora ReForm. Dette er eit resultat av bedrifta sitt miljøfokus og inneber at brukte møblar får eit nytt liv. Rundt om i samlingshus i mange land finst det klassiske Fora Form-produkt som City, Laminette, Planet, Totem osb. Etter kvart vert desse slitne i lakk, stopning og trekk. I staden for å kaste møblane, tilbyr bedrifta å ta dei tilbake og friske dei opp med nye slitedelar. Kundane får fem års garanti på møblane og dokumentasjon på at møblane er restaurerte på ein miljøvennleg måte. Ved å nytte seg av Fora ReForm i staden for å kjøpe nye produkt kan kundane redusere Co2-avtrykket med 50-70 prosent.

Utstillinga vert ståande frå slutten av juni til utgangen av august. Ho vert opna ved ei enkel tilstelling ved Berlihuset fredag 23.6. kl. 1200.

Dei to Fora Form-presentasjonane vert supplerte av utstillinga med Peter Opsvik-produkt i Galleri Cylindra i Tusvik. Det er laga til ei fellesbillett for dei tre utstillingane.»