I Fylkesstrategien for samferdsel er det sett mål om å redusere klimagassutsleppa, og bli klimanøytral innan 2030. Resultatmålet Møre og Romsdal hadde sett seg var 55 prosent reduksjon i klimagassutsleppa i løpet av 2024 samanlikna med 2019.

– For å nå målsetjinga skulle mellom anna 10 ferjesamband elektrifiserast og det var lagt opp til innfasing av elektriske bussar fram mot 2024. Reduksjonen på 55 prosent målast ut ifrå historiske forbrukstal og berekna CO2-utslepp i 2019, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Stadig fleire elektriske bussar

Dei første elektriske bussane vart sette i drift på byrutene i Ålesund i 2021. Med 10 elektriske bybussar blei om lag 25 prosent av rutene utsleppsfrie i 2021 og 2022. Det har vore relativt enkelt og innføre elektriske bussar, det har gått føre seg utan forseinkingar eller større tekniske problem.

Det er vidare planlagt elektriske bussar i Kristiansund, Aure, Smøla og Averøy frå 2024. Her skal minst 80 prosent av rutene dei køyrer vere utsleppsfrie. Frå 2025 leggast det opp til utsleppsfrie bussar også i Molde og Gjemnes, noko som vil bidra til ytterlegare reduksjon i CO2-utsleppa.

Miljøferjer vert fasa inn

Totalt for perioden 2019 til og med 2024 er det planlagt innført 16 elektriske ferjer fordelt på 10 ulike ferjesamband. Ved utgangen av 2022 var 7 samband og 12 ferjer elektrifisert og sett i drift. Dei neste ferjene startar opp 1. januar 2024. Det har vist seg at ein treng noko tid til innkøyring og justering av systema ved overgang til hybridelektrisk framdrift på ferje, men til 2025 vil ein sjå betydelege kutt i CO2-utsleppa.

Møre og Romsdal fylkeskommune har som langsiktig utviklingsmål å bli miljøfylke nummer ein i Noreg, heiter det i pressemeldinga.