Denne sommaren har det regna mykje i delar av Noreg. Det har gjort at magasinfyllinga i Sør-Noreg er høgare enn normalt, og at vi til tider har hatt gratis straum.

I haust er det i tillegg venta lågare straumprisar enn dei to tidlegare åra, ifølgje NHH-professor Mette Helene Bjørndal. Men det avheng av vêret, understrekar ho.

Gratis straum

Straumkundar i heile Sør-Noreg får måndag den lågaste straumprisen på ein kvardag så langt i år. Fleire stader i landet vil få inntil ti timar med gratis straum.

– Prisane blir bestemde både av tilbod og etterspurnad. Med framleis ferietid og stort sett behagelege temperaturar så er forbruket relativt lågt, samtidig som vi i Noreg har produksjonsoverskot og nettoeksport, seier Bjørndal til NTB.

Frå klokka 5 på morgonen blir det gratis straum i éin time i Sør-Noreg, og to timar i resten av landet, ifølgje Europower.

Hans påverkar

Vidare påpeikar Bjørndal at det kraftige uvêret Hans som er meldt måndag og tysdag, også er ein faktor som held straumprisen nede.

– Det ser ut til at vindprognosane i Norden er relativt høge for måndag, og så er det jo også meldt mykje nedbør i delar av Noreg, seier ho.

– Regnvêret i sommar har også bidrege til høgare magasinfylling, og i seg sjølv vil det bidra til lågare straumprisar. Men prisane til vinteren vil også avhenge av nedbørsmengdene utover hausten.

For måndag og tysdag har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Meteorologisk institutt oppgradert til raudt farevarsel for både flaum, jordskred og nedbør.

Russland påverkar

– Både i Norden og i Europa har vi fått energisystem som er meir avhengig av vêret, så lite nedbør og vind vil gi høgare prisar, seier Bjørndal.

Vidare seier ho at Russland framleis kan påverke straumprisen i Noreg.

– Europa får framleis leveransar av gass frå Russland, og sjølv om avhengnaden er mindre enn før, kan nye reduksjonar også påverke prisane i Europa.

Fleire strengjar

Tyskland, som er blant dei europeiske landa som har vore mest avhengig av russisk energi, har opna terminalar for flytande naturgass (LNG).

– Fordelen med dette er at landa får større fleksibilitet, dei kan skaffe seg gassen også frå andre leverandørar, seier NHH-professoren.

Det bidreg også til å redusere prisane, legg ho til.

(©NPK)