Framgangen ved den nye sentrumsskulen er i rute. Det opplyser Ørsta kommune på sine heimesider.

«Dei har lagt bak seg ein fase der framgangen har vore stor og veldig synleg. Målet har vore å få bygget tett til ferien. Og det har dei klart.»

Etter fellesferien vert arbeidsstokken ved prosjektet auka. Då startar bygningsarbeidet innomhus, skriv kommunen.

«Det vil vere nokre arbeidarar på plass også i ferien for å gjere klart til neste byggefase.»

Det nye skulebygget skal etter planen stå klart august 2024.