Det sa Aron Elfar Larsen som saman med tvillingssystera Ane Madelen var to av totalt 44 førsteklassingar som hadde første skuledag på Vikemarka skule måndag. Tradisjonen tru samla førsteklassingane og foreldra seg ved flaggstonga ved skulen for ei markering før første skuledag tok til.

– Eg hugsar sjølv godt første skuledagen min, og det trur eg også de kjem til å gjere, sa rektor Odd Einar Fimreite til hovudpersonane.

I år er det to førsteklasser ved Vikemarka skule i det som rektoren omtaler som eit normalkull. Måndag oppmoda han elevane om ta godt vare på kvarandre.

– Det er 44 førsteklassingane som tek til ved skulen her i år. Vi som er vaksne skal gjere vårt aller beste for at de skal få sju år her oppe fylt med leik, trivsel og læring. De vil få mange nye venner som de vil ha det kjekt saman med og de kjem til å lære mykje. Det viktigaste er at de trivst på skulen, og at det har lyst til å kome hit kvar dag og lære noko nytt og spennande.

Helsing: Rektor Odd Einar Fimreite handhelste på alle førsteklassingane og foreldra då han ønskte dei velkomne til Vikemarka skule måndag morgon. Foto: Joachim Åsebø