Prosjektleiar for bygg i kommunen sin eigedomsseksjon, Øystein Mårstøl, rår til at entreprenør PEAB K. Nordang AS vert valt. Han har levert inn eit tilbod på 26,1 millionar kroner. Ivar Aambakk AS var nest rimelegaste tilbydar. Han skal ha 32,1 mill for skulebygginga medan HENT AS har levert inn eit tilbod på 33,2 millionar.

– Vi ser på entreprenørane som solide, og som leverer gode produkt til avtala tid, vurderer Mårstøl.

Han meiner prisskilnaden mellom Nordang og dei andre tilbydarane er så stor at kriteria kvalitet og framdrift vert velig lite utslagsgjevande.

Prislappen er 31 millionar kroner.

Kommunestyret vedtok i 2013 å løyve 31 millionar til ny skule på Vartdal. Og det vart sett av ein million kroner i 2014, 10 millionar i 2015 og 20 millionar kroner i 2016.

Realiseringa ligg litt på etterskot. Opphavleg vona kom munen  på byggjestart sist haust og opning til skulestart 2016.

Nyeskulen skal innehalde m.a. nye klasserom og administrasjonsrom.