I staden vil VØR hente inn plastemballasjen heime hjå abonnentane i kommunane Ørsta og Volda med eigen renovasjonsbil.

– Tidlegare har plastemballasjen vore samla inn saman med papir og papp, og sortert manuelt ut av VØR før vidaresending. Endringa i innsamlinga skjer på grunn av stor auke i mengda med plastemballasje heime hjå våre abonnentar og strengare krav til at papiret som VØR sender frå seg ikkje kan innehalde avfall eller plast. Framtidige prognosar frå emballasjeindustrien visar også at mengda med produsert og innsamla plast berre vil auke, skriv Volda og Ørsta Reinhaldsverk på sine heimesider.

Det blir same tømedag som før, men plasten skal hengast utanpå den blå plast- og papirdunken i ein krok. Denne kroken er VØR i ferd med å dele ut, vert det opplyst.

Nyordninga vert altså gjeldande frå 1. september.