Styret i Aarsætherlegatet hadde møte 23. mai, og vedtok å dele ut to jordbruksprisar i 2022. Desse går til Arnt Magne Engeseth og Dagfinn Barstad.

Det skriv Ørsta kommune på si heimeside.

Begge to er mjølkeprodusentar; Arnt Magne Engeseth driv gard på Engeset utanfor Ørsta sentrum, og Dagfinn Barstad driv gard i Follestaddalen.

Prisane vert delt ut på kommunestyremøte 16. juni 2022, og grunngjeving for prisane vert lest opp på møtet.

Aarsætherlegatet vart oppretta av familien Aarsæther i 1918, og skal vere «til beste for jordbruket og skogsakens fremme i Ørsta herred», står det i stiftingsbrevet. Styret for legatet er ein representant frå Aarsæther-familien, 3 politikarar valde av kommunestyret, og ordførar som er leiar for styret. Sist det var delt ut prisar frå legatet var i 2018.