Det fortel Tussa i ei pressemelding.

Gjennom berekraftsfondet ønskjer Tussa å motivere til gode tiltak og støtte lokale lag og organisasjonar i å gjennomføre prosjekt som fremjar berekraftig utvikling. Dette kan vere prosjekt som har ein tydeleg miljøvinst, men dei kan også adressere sosiale utfordringar eller andre av FN sine berekraftsmål.

Gjennom fondet deler Tussa ut inntil 50 000 kroner til fire lag og organisasjonar frå kommunane på søre Sunnmøre, Stryn og Stranda. Søknadsfrist er 1. juni.

- Verda står overfor betydelege sosiale og miljømessige utfordringar, og det er eit felles ansvar å engasjere oss i utviklinga av berekraftige løysingar. Sjølv om Tussa er ein liten aktør på nasjonalt og internasjonalt nivå, er vi å rekne med lokalt. Vi skal bidra til å løyse utfordringane der vi har aktiviteten vår. Gjennom Tussa berekraftsfond ønskjer vi å oppmuntre og støtte frivillige grupper lokalt til å ta ansvar for miljøpåverknadene sine og fremje berekraftig praksis, seier konsernsjef Olav Osvoll i pressemeldinga.

Det det vidare står:

«Tussa har gjennom mange år vore ein støttespelar for frivillige lag og organisasjonar. Dei siste åra har nærare 200 grupper fått sponsorstøtte frå Tussa. Den bærande tanken bak Tussa si sponsorverksemd er å bidra til at bygdene våre skal vere attraktive stader å bu, arbeide og besøke.»