Natt til søndag fekk politiet melding om støy frå fleire køyretøy i Ørsta og Volda. Politiet opplyser at fire sjåførar i Ørsta og ein i Volda fekk pålegg om dempe musikken.

Politiet fekk og melding om ein person som var aggressiv inne på ein bensinstasjon i Ørsta. Då patruljen kom til staden hadde situasjonen roa seg.

Grunna bråk vart ein person i Volda vist vekk frå sentrum.