– Regjeringa foreslår å endre namna slik at dei regionale helseføretaka blir kalla for helseregionar, og at helseføretak som driv pasientbehandling får namn og blir omtalte som sjukehus, heiter det i stortingsmeldinga.

Namneendringa kjem ikkje til å gjere noko med organisasjonsforma eller ansvarsforholdet, og departementet ønskjer seg dialog med helseføretaka så namneendringa kan gjennomførast "utan omfattande økonomiske og administrative konsekvensar".

(©NPK)