At 77 prosent vil døype barnet sitt i kyrkja dersom dei fekk eit barn no, er ein nedgang på eitt prosentpoeng samanlikna med 2021 og 2019, viser ferske tal frå Den norske kyrkjas medlemsundersøking , som blir gjennomført annakvart år.

– Dette er framleis eit høgt tal, og så må vi halde fram med å leggje alt til rette for dei som ønskjer dåp, seier avdelingsdirektør for kyrkjefag i Den norske kyrkja, Jan Christian Kielland.

65 prosent svarer at dei ville valt kyrkjeleg konfirmasjon dersom dei skulle konfirmerast no. Det er ein nedgang frå 2021, men samtidig eitt prosentpoeng meir enn i 2019.

Det er stabil utvikling i kor mange som ville valt kyrkjeleg gravferd. 78 prosent svarer at dei ønskjer kyrkjeleg gravferdsseremoni, og eldre er litt meir positive til gravferd i kyrkja enn dei yngre.

Seks av ti ville valt kyrkjebryllaup dersom dei skulle ha gifta seg.

Nærare 64 prosent av befolkninga var medlemmer av Den norske kyrkja ved utgangen av 2022, noko som utgjorde omtrent 3,5 millionar personar.

(©NPK)