Faglærar Håvard Krøvel-Velle laga dette konseptet i sumarferien 2022. I faget Medieutvikling jobbar elevane med å lage eit heildigitalt Escape Room, i samarbeid med NDLA (Norsk digital læringsarena). Elevane nyttar mykje av same teknologien som er brukt for å lage Løgnare Ting, så det er nyttig og lærerikt for elevane å få gjennomført eit ferdigutvikla Escape Room i praksis, til inspirasjon for ferdigstilling av konseptet dei sjølve jobbar med.

Inntektene vert nytta til å finansiere ein ekskursjon til Bergen. Tredjeklassingane på både medielinja og frå utdanningsprogrammet Kunst, design og arkitektur skal reise saman, og skal mellom anna vitje Media City Bergen og eit arkitektkontor. Som “koronaungdom” har dei ikkje fått deltatt på noko særleg av aktivitetar utanfor skulen, så me håper elevane får ei fin avslutting på vidaregåande skule gjennom denne klasseturen, med både fagleg og sosialt utbyte.

Eit Escape Room, gjerne kalla mysteriekammer eller kodekammer på norsk, er som eit dataspel, berre i den verkelege verda. Deltakarane vert normalt låst inn i eit rom som dei må kome seg ut av gjennom å løyse eit sett med oppgåver, og oftast på tilmålt tid. I dette konseptet vert ingen innelåst - det er i staden ein karakter i spelet som er “innelåst”, og deltakarane må frigjere denne karakteren sine krefter for å redde verda.

Opplegget vert sett opp i festsalen på Volda vidaregåande skule frå og med laurdag 25. mars. Ein kan melde seg på via nettadressa bit.ly/lognareting, eller du kan søke opp mkvolda på Facebook.

Medielinja har sett opp to fysiske Escape Room tidlegare, og erfaringa er at dette fengjer i alle aldrar. Me håper folk vil nytte seg av dette tidsbegrensa tilbodet, og såleis også hjelpe elevane med å kome seg på ekskursjon.