Per tysdag var det 140 røysteføre som hadde førehandsrøysta, melder Ørsta kommune på si fb-side.

– Fleire av dei er folk som skal vekk for å studere før valdagen, fortel Linda Hjelseth Hjelm ved servicekontoret.

Valstyret minner om at folk må ha seg legitimasjon når dei skal røyste.

Når røystelokalet er ope kan du finne ut på Ørsta kommune sine heimesider. Somme dagar er det langope.

– I tillegg har vi førehandsrøysting på Urke grendahus, Norangsfjorden, onsdag 6. september, heiter det frå kommunen.