Så langt i år har bustadprisane stige med 5,8 prosent. Berre i mars auka prisane med 1,2 prosent, viser tal frå Eiendom Norge.

Det er uventa mykje, særleg sett i lys av dei mange rentehevingane i fjor, meiner ekspertar.

– Hadde vi berre sett på rentebanen, skulle bustadprisane ha vore kraftig ned. Dette viser at det er andre krefter enn renta i sving. Vi har høg nominell inntektsvekst, befolkningsvekst og eit stramt bustadtilbod, seier sjeføkonom Marius Hov i Handelsbanken til E24.

Medan Noregs Banks prognose viser ei styringsrente på 3,5 prosent når rentetoppen er nådd, trur Hov han vil ende høgare.

– I prognosane våre trur vi at renta går opp til 3,75 prosent til hausten. Det står vi for, seier han.

I mars vart styringsrenta heva til 3 prosent.

Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB trur derimot ikkje styringsrenta vil passere 3,5 prosent, men at det blir rentehevingar i både mai og juni.

– Men vi tek høgd for at bankuro kan bidra til å dempe utviklinga i landa rundt oss, og det kan jo dempe rentepresset her, seier ho.

(©NPK)