Det fortalde seniorrådgjevar Svein Silseth under samfunnsutvalet si synfaring tysdag.

– Tilbodspapira kring riving vert sendt ut i desse dagar. Kommunen har sett av 200.000 kroner og fylket har sett av 300.000 i samband med rivinga, fortalde Silseth.

Han har ei von om at rivinga skal vere gjort før 1. juli. Dette er avhengig om ein får tak i ein entreprenør på denne tida av sommaren.

Det var hausten 2011 Ørsta kommune vedtok å løyse inn Røed-huset i Kyrkjegata for 1,5 millionar kroner.

I samband med riveprosessen vart det funne ein del farleg avfall i det gamle huset.