– Akkurat no les vi siste korrektur på nye vedtekter for SFO i Ørsta. Dei skal straks ut på høyring. I desse heiter det at det skal vere tilbod om SFO i deler av sommarferien, haustferien og vinterferien, fortalde Kirsti Øy Driveklepp, seksjonsleiar skule i ei orientering til levekårsutvalet denne veka.

Det har vore mykje diskusjon om SFO-tilbodet i Ørsta kommune det siste halvåret. FAU, som representerer foreldra til skuleborn, meiner at dagens ordning, som er basert på påmelding og betaling for separate ferieveker, ikkje fungerer.

– På den eine sida gjer dette at bruk av SFO i feriane medfører ein ekstra økonomisk belastning utover dei faste månadsavgiftene til familiane, og på den andre sida er det ei lite føreseieleg ordning sidan det ikkje er gitt nokon garanti for at tilbodet faktisk blir gitt, sjølv om ein melder seg på, skriv FAU ved Vikemarka, Velle og Hovden skular i eit brev til kommunen.

No har kommunen teke kritikken til følgje, og utarbeidd nye vedtekter.

– Eg synest brevet frå FAU var både konstruktivt og godt, eg likte det. Eg er glad for at vi no finn ei løysing på dette, sa Driveklepp i levekårsutvalet.

Det nye tilbodet er ikkje heilt spikra enno. Først må det ut på høyring til FAU og rektorane.

Marit Aklestad (SV) stilte spørsmål ved saksgangen.

– Burde ikkje saka vore på høyring før de laga dei nye vedtektene, spurde ho.

Driveklepp meinte at det er betre å ha eit grunnlag før saka blir send på høyring.

Dei nye vedtektene blir i stor grad basert på Ulstein kommune sine. Det blir tilbod om både 9,5 månaders SFO-plass og 11 månaders. Ferie-SFO om sommaren blir i vekene rundt skuleslutt og skulestart, med unntak for planleggingsdagar.

– Vi har heller ikkje moglegheit til å tilby ferie-SFO på meir enn ein skule, og det ber eg om forståing for, sa Driveklepp.

Når vedtektene er klare, blir dei sende ut med ganske kort høyringsfrist. Det hastar med å få tilbodet på plass før vinterferien.

– Når vi no får på plass dette, håper eg og forventar eg at tilbodet blir brukt. SFO er berre finansiert av foreldrebetaling, og vi har ikkje andre pengar til tilbodet enn det vi får frå foreldre. Vi har gjort vårt beste for å få til dette, og håper det blir teke godt imot, sa Driveklepp.

Tilbyr ferie-sfo: Kirsti Øy Driveklepp, seksjonsleiar skule i Ørsta kommune. Foto: Janne-Marit Myklebust