Han er glad og letta etter at det vart siger 3–2 mot Hareid2 på Remen onsdag.

Det var ein kamp der Vartdal dominerte, men som vart jamnare enn kva talet på målsjansar skulle tilseie.

– Det har diverre vore typisk for Vartdal denne sesongen at vi slepp inn enkle mål, og skårar for lite på sjansane våre. Slik var det også i denne kampen, seier Fiksdal.

God start

Vartdal opna svært godt, og allereie etter to minutt var det 1–0 til heimelaget. Det var Markus Dimmestøl som skåra for Vartdal.

Etter dette hadde Vartdal fleire gode sjansar, og burde ha auka leiinga.

I staden kom Hareid inn att i kampen, og Einar Orten Trovåg utlikna 25 minutt ut i omgangen.

Men rett før pause tok Vartdal igjen leiinga. Det var Fredrik Farstad Roth som skåra.

Vartdal kunne gå til pause med 2–1-leiing, og var optimistiske før andre omgang.

Men som i fyrste omgang greidde ikkje Vartdal å få utteljing på sjansane, og nok ein gong utlikna Hareid2. Målet kom sju minutt ut i andre omgang ved Ulrich Kurseth.

Velfortent siger

Vartdal gav ikkje opp, og stod distansen. Belønninga kom seksti minutt ut i kampen, då Rune Dimmestøl gav Vartdal leiinga 3–2.

Det ville ha vore typisk Vartdal om vi igjen skulle ha fått eit baklengsmål, men eg meiner vi kontrollerte kampen godt, fortel Fiksdal.

Fleire mål vart det ikkje i kampen, og Vartdal tok tre velfortente poeng.

– Det er godt å kunne starte haustsesongen på heimebane med ein siger, seier Fiksdal.

Vartdalsstranddagane

Han er spesielt glad over at dei unge spelarane på laget stod fram. Vartdal starta med eit ungt lag, med fleire sytten- og attenåringar frå start.

Neste kamp for Vartdal er på heimebane komande torsdag. Motstandar er Gjerdsvika/Gursken/Larsnes, og kampen er starten på Vartdalsstranddagane.

– Vi greidde eitt poeng mot dei på bortebane i vår, og det er eit lag vi skal slå. Eg håper det kjem mange på kampen for å støtte oss, og at det vert ei god stemning, seier Fiksdal.