Politiet melder om trafikkulykke utanfor Eiksundtunnelen på Ørsta-sida onsdag ettermiddag.

– Uvisst kor mange bilar som er involvert. Pr no står ein bil i grøfta og ein bil i vegen. Truleg ikkje alvorlig ulykke, foreløpig meldt om mindre personskader, skriv politiet på X/twitter klokka 17:50.

Vegrafikksentralen melde om at Eiksundtunnelen vart stengt.

VikebladetVestposten melder at ein personbil og ein varebil var involvert i ulykka. Totalt tre personar, ingen er alvorleg skadd.

Klokka 1845 vart det meldt at tunnelen er open,men at det er manuell dirigering forbi ulykkesstaden på Sørestranda.