– Ørsta kommune har felles barnehageopptak (i tråd med Lov om barnehage og forskrift om opptak til barnehage), og i år har vi barnehageplass i 10 barnehagar, sju kommunale og tre private. Ved søknadsfrist hadde vi 116 nye søkarar. 106 av desse med rett til barnehageplass. I år fekk nesten alle søkjarane tilbod om førstevalet sitt, heiter det i ei melding på Ørsta kommune si heimeside.

Ørsta kommune har for tida ledige barnehageplassar frå august 2024.