Ved inngangen til 2022 budde 1.027.900 åleine i Noreg. Talet har auka jamt dei siste åra. Ikkje den store prosentvise auken frå år til år, men trenden har vore klar lenge. Stadig fleire hushald består berre av ein person.

I statistikken skil Statistisk sentralbyrå (SSB) mellom personar og hushald. Det er i overkant av 2,5 millionar hushald her i landet, og i 2021 bestod 40,4 prosent av desse av berre ein person.

Liten auke kvart år

– Andelen personar som bur åleine har gått gradvis oppover dei siste åra. Det er ein liten auke kvart år, men det har ikkje vore noko stort hopp, seier seniorrådgivar i SSB, Espen Andersen, til Nynorsk pressekontor. Det er flest yngre og eldre som bur åleine, fortel han.

Det er ikkje så rart at økonomiske problem er mest utbreidd blant einslege og personar med låg inntekt. I den siste Levekårsundersøkinga som Statistisk sentralbyrå publiserte nyleg, svarte åtte prosent av dei spurde at dei har hatt minst eitt betalingsproblem det siste året.

Blant einslege forsørgjarar og låginntektshushald var andelen høvesvis 26 og 19 prosent. I 2022 var dei tilsvarande tala 24 og 13 prosent, mot seks prosent av alle innbyggjarar.

Tala frå Levekårsundersøkinga viser at 970.000 personar, 21,7 prosent av innbyggjarane over 16 år, seier at dei ikkje kan klare ei uventa utgift på 20.000 kroner utan å ta opp lån eller selje gjenstandar.

Uventa rekningar

Meir enn kvar tredje einsleg i alderen 25 til 44 år svarar at dei ikkje har råd til uventa rekningar og nesten like mange oppgir at dei har forbruksgjeld som tyngjer økonomien deira. 10 prosent av dei einslege i denne aldersgruppa svarar at dei har hatt problem med å hanskast med slik gjeld.

– Det er ikkje så store ulikskapar geografisk. Det er likevel færrast som svarar at dei ikkje klarer utgiftene sine i Rogaland enn i andre fylke. Elles skil ikkje Vestlandet seg mykje ut frå andre landsdelar, seier rådgivar i SSB, Mari Lande With, til NPK.

Ho fortel at det er ein auke i talet på åleinebuarar som svarar at dei har problem med høge buutgifter, og at det er dei som bur i leigd bustad som opplever dette sterkast.

Det er flest som bur åleine i Oslo med 24,7 prosent. Troms og Finnmark har 20,8 prosent åleinebuande, Innlandet 20,3 prosent, Trøndelag 19,9 prosent, tidlegare Vestfold og Telemark fylke 19 prosent og tidlegare Viken 16,7 prosent.

Når det gjeld Vestlandet er andelen einslege på 18 prosent i Møre og Romsdal, i Vestland 18,5 prosent og i Rogaland 16,5 prosent. Landsgjennomsnittet er 21,7 prosent.

With minner likevel om at Noreg ligg lågt på statistikken over menneske som ikkje klarer utgiftene sine, samanlikna med tala frå andre europeiske land som Eurostat har samla inn.

Nedlagt organisasjon

Organisasjonen «Ensliges Landsforbund» vart stifta i 1957 med formål å arbeide aktiv for dei sosiale interessene til einslege. Det gjekk mykje på bustadforholda for einslege, medan dei seinare jobba for å få til eit ekstra skattefrådrag for einslege. Men i 2020 var det slutt for organisasjonen.

Då hadde dei slite med stigande snittalder og fallande medlemstal i fleire år. Dei avslutta arbeidet og pengane dei hadde spart opp vart gitt til forsking på Alzheimers.

Psykolog Peder Kjøs skreiv i eit debattinnlegg i Aftenposten om paradokset i at stadig fleire bur åleine, og at ingen er villig til å ta kampen for rettane til dei einslege vidare.

Han skriv blant anna dette i innlegget sitt:

«Ingen vil definere seg selv slik. Det er for skamfullt. Det er som å si at man er blitt rammet av den verste skjebnen som kan tenkes i vårt utadvendte og sosialt orienterte samfunn».

Kjøs trur hovudgrunnen til at «Ensliges Landsforbund» fekk så låg oppslutning at dei måtte gi opp, ligg i sjølve omgrepet «einsleg». At det er ingen som vil definere seg slik fordi det rett og slett er for skamfullt.

Den siste styreleiaren i «Ensliges Landsforbund», Marie Helene Synnes, er samd i at det er eit paradoks at så få ville organisere seg hos dei, samstundes som det blir stadig fleire einslege.

– Det er veldig få som vil definere seg sjølv som einsleg, sjølv om dei bur åleine. Så då var det ikkje lenger grunnlag for «Ensliges Landsforbund», seier ho.

Aukar med alderen

I underkant av 40 prosent av alle kvinner bur åleine det året dei fyller 21 år. Utover i 20- og 30-åra blir det stadig færre kvinner blant dei åleinebuande. I 40-årsalderen bur dei oftast saman med nokon. Med aukande alder aukar andelen som bu åleine igjen.

Det varierer mindre for menn. I starten av 40-åra bur i overkant av 20 prosent av mennene åleine, men i motsetning til kvinner er andelen åleinebuande menn granske stabilt heilt til dei passerer 80 år, då talet aukar igjen, fortel Andersen.

Frå 58 år og oppover er det meir vanleg for kvinner å bu åleine enn for menn. Espen Andersen forklarar dette med at kvinner i snitt lever lenger enn partnarane sine, og at dei dermed blir sitjande att som attlevande partnar.

(©NPK)