Det viser tal frå fylkesstatistikken som vart presentert onsdag.

Men sjølv om det for fyrste gong var fødselsunderskot i fylket, var det ein større folketalsvekst enn nokon gong. Årsaka er auka innvandring, og særleg frå Ukraina.

Ved inngangen til 2023 var det 268.365 innbyggarar i fylket, ein vekst på 2.517 personar. Det er ein auke på 0,9 prosent, bak landssnittet på 1,2 %. Totalt hadde 23 av 26 kommunar vekst i folketalet, syner fylkesstatistikken. Han baserer seg på tal frå Statistisk sentralbyrå.

Rundt 2000 ukrainarar flytta til Møre og Romsdal, og er gruppa som aukar mest, og ligg no hakk i hel bak Litauen og Polen som dei største immigrasjonsgruppene.

Kartet syner folketalsutviklinga i Møre og Romsdal det siste tiåret. Ulstein og Sula har hatt høgast vekst. Volda ligg i øvre sjiktet, medan Ørsta har hatt ein moderat vekst. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

– Mange kommunar gjer no ein formidabel innsats for å busette flyktningar frå Ukraina og andre land. Dette har også aktualisert bustadpolitikken og bustadtilbodet, som vi også har ferske tal for i Fylkesstatistikk, seier plansjef Ingunn Bekken Sjåholm, som nyleg ferdigstilte statistikksamlinga, som år berre er i elektronisk form.

Ørsta og Volda er mellom kommunane som framleis har fødselsoverskot, viser tala frå fylkesstatistikken. I Ørsta var det i 2022 26 fleire fødde enn døde, medan det i Volda var 19 fleire fødde enn døde.

I Ørsta var det i 2022 ei netto innvandring på 55 personar. Talet for Volda er 76 personar.

Ulstein kommune var mellom dei kommunane med størst netto innvandring i 2022. Det var ei nettoinnvandring på 393 personar til Ulstein kommune i 2022.