Råsa mellom Rotevassætra og Krøvelsætra er berre 400 meter lang – i flatt terreng – men der er svært myrlendt og vått.

I sitt innspel til Plan for friluftslivets ferdselsårer føreslår Torgeir Parr Dimmen at ein gjer noko med dette.

I ein e-post til Volda kommune skriv han blant anna:

«Dette er eit lett tilgjengeleg og mykje brukt turområde for voldingar (og andre) både sommar og vinter. Avstanden mellom dei to sætrane på kvar si sida av kommunegrensa er berre ca. 400 meter (ca. 100 meter på Ørstasida, 300 i Volda). Terrengert er nesten heilt flatt og svært ope og dermed lettgått. Men det er svært myrlendt og vått. Det vonar vi kan gjerast noko med.»

Og vidare:

«Ei utbetring av denne korte rås-stubben inst i Rotevassdalen vil vere kjekt ikkje berre for oss som ofte går her, men også legge til rette for å merke ein ny rundtur i Rotevassdalen. Den kan gå frå Vassbotnen/Vikebygda eller P-plassen ved Helgatun, via dei to sætrane og så krysse attende til Voldasida frå skogsvegen på Krøvelsida, t.d. der vegen svingar bak Hestehornet.»

I 2015 fekk Dimmen litt pengar frå kommunen til innkjøp av material og skruar til enkle, men solide bruer over dei to største elvene i området. Grunneigarne var positive til prosjektet, og bidrog med stokkar til konstruksjonen.

Foto: Privat

Men deler av råsa mellom sætrane og bruene er altså svært våte og gjørmete når det ikkje er frost eller skiføre.

– Eit enkelt tiltak for å gjere dette til ein mykje betre overgang vil vere å legge ned klopper og gangbruer i tre på dei våtaste partia. Å lage slike konstruksjonar og legge dei ut kan gjerast på dugnad, men det trengst sjølvsagt pengar til material - frå offentlege eller private kjelder, skriv Dimmen.