Skjåstaddalen, Bjørke, Leira og Viddal gjekk over frå Ørsta til Volda kommune 1. januar 2020, og dermed vart også Tussa-kraftverket del av Volda.

Ørsta sine tidlegare inntekter knytt til kraftproduksjon skal delvis erstattast, og kommunane har no kome fram til semje om korleis dette skal skje.

Ordførar Stein Aam og kommunedirektør Wenche Solheim søker no Statsforvaltaren om å få dekt kostnader i samband med saka.

Ørsta kommune si netto prosjektførte utgift til grensejusteringa er på 2.197.063 kroner.

«Ørsta kommune finn det rimeleg at staten dekkjer dei utgiftene Ørsta kommune har hatt i samband med prosessen i skjønsnemnda og i overskjønsnemnda. Dette er utlegg som kunne vore unngått om det hadde vore eit system som er betre enn det ein har i dag», skriv Aam og Solheim i søknaden.