– Sjølv om vêret har vore ekstremt dei siste dagane, set dei utanlandske turistane pris på ein kjøligare vêrtype enn dei er vande med, seier dagleg leiar Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Skrede seier ei svak krone har skulda i at beløpet turistane har lagt igjen har blitt noko større enn vanleg. Satsinga framover vil vere å leggje forholda til rette for å unngå konflikt mellom fastbuande og besøkande.

(©NPK)