Det er fylkestinget som har vedteke å ta over eigarskapen og driftsansvaret for veglysanlegg som får tilskot frå fylkeskommunen. Det skal ikkje stillast krav til kvalitet på anlegga før opptak.

I Ørsta handlar dette om fleire veglys på strekningar langs fylkesveg 655.

Det gjeld ei strekning ved Dalane skule på Brautaset, kryssområdet ved avkøyrsla til Melsgjerdet, og veglys på mykje av strekninga frå Rossåbrua til Odinhjørnet.

Ørsta kommune har stilt seg positiv til at Møre og Romsdal fylkeskommune tek over eigedomsretten og ansvaret for drift og vedlikehald av desse veglysa.