Møre og Romsdal fylkeskommune ventar reduksjon i elevtalet i den vidaregåande skulen dei neste ti åra.

Dersom elevtalet i grunnskulen vert lagt til grunn viser ei framskriving at talet på elevar til vidaregåande skular på Søre Sunnmøre vert redusert frå 577 i 2023/24 til 457 i 2032/33.

– Framskrivinga frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at trenden med reduksjon i talet på 16-åringar fortset, står det i dokumentet «Fylkesstrategi for kompetanse 2024–2027», som er sendt ut til høyring i kommunane.

Ikkje berre blir det færre 16-åringar og elevar, men det blir fleire pensjonistar som går ut av arbeidslivet.

– Den reduserte arbeidsstyrken har konsekvensar for dimensjonering av dei vidaregåande tilboda. Det får konsekvensar for kva som kan opprettast, kor dei geografisk bør plasserast, samt storleiken av tilboda, står det i dokumenta.

Volda og Ørsta har to av dei største vidaregåande skulane på Søre Sunnmøre.