Sjølv om det var mogleg å få glimt av sola onsdag var det ein kald morgon på Søre Sunnmøre torsdag.

Ei oversikt som Meteorologisk institutt har publisert på Twitter viser at det var 2,9 grader i Hornindal torsdag morgon og 2,2 minusgrader på Grotli.

– Minimumstemperaturar i sør viser resultatet av nordavind og klarvêr. Minusgrader til fjells er ikkje heilt uvanleg, sjølv om sommaren, men det var ikkje mange plussgrader å sjå i låglandet heller, skriv meteorologane på Twitter.

Målestasjonen på Ørsta-Volda lufthamn hadde 4 grader som minimumstemperatur i natt. Målestasjonen på Eitrefjell hadde 3,2 grader som minimumstemperatur.