Det seier Roar Hagen som torsdag opnar utstillinga «Kven er vi? Ei utstilling om å høyre til.» i Kunsthuset i Ørsta. Utstillinga er eit samarbeid mellom Volda og Ørsta kunstlag og Dei nynorske festspela.

– Det var ei utstilling det var lett for meg å seie ja til å vere med på, då eg vart spurt for nokre år sidan. Men så vart tida litt knapp, også fordi eg har hatt utstilling på Sunnmøre Museum. Men slik vert det alltid, seier Hagen.

Heime

VG-teiknaren gler seg til å stille ut i heimbygda. Det er lenge sidan førre gong, og synest det alltid er spesielt å kome heim.

For heime, det er Ørsta for Roar Hagen. Det sjølv om han har budd andre stader i landet sidan han flytta frå bygda i ungdomsåra.

Han har vore VG-teiknar sidan 1986.

– Tenk, då kom eg som yngstemann. Eg såg på det som ei ære å vere yngst blant kjende pressefolk. No er eldst og sistemann. Stadig kjem det til yngre kollegaer. Og dette gler meg, seier Hagen.

Observatør

Som vanleg når Hagen stiller til intervju, går praten raskt. Det er mykje han vil ha fram. Han likar å vere observatør, ei rolle som han til fulle meistrar som avisteiknar.

– Då metoo-hendingane dukka opp i fjor haust, var det med ein sjokkerande effekt. Det kom ut ifrå ingenting, og vart noko som definerte ei ny tid. Heldigvis. Vi var jo mange som hadde sett dårleg åtferd frå politiske toppar, næringslivstoppar og leiarar i det offentlege. Det var menn som hadde forulempa og trakassert kvinner, og også det som verre var. Samstundes sat eg som observatør på sidelina, og såg at det var mange fasettar. Som teiknar var eg borte i saka, men samstundes måtte eg vere varsam, for ei teikning med ei spesiell vinkling kunne fort ha vorte mistydd. Dette galdt særleg overfor varslarane, for dei er sårbare, fortel Hagen.

Homogene sunnmøringar

Sjølv om han stadig definerer seg som ørsting, er slike hendingar som metoo med på å påverke identiteten til folk. For identiteten kan endre seg.

– Det er berre å sjå på ørstingen. Då eg vaks opp var ørstingane og sunnmøringane elles ganske homogene. Dei var heterofile og evangelisk lutherske. Det som var aust for oss var kommunistar, og det langt sør for oss var u-land, seier Hagen.

– No ser vi at også bygdene har vorte meir opne. Vi ser alle slags typar folk, og dei kan vere alt mogleg. Dette har to hovudårsaker. Det er innvandring og det er internettet. Vi har fått tilgang til meir kunnskap, og det har påverka oss, og også identiteten vår, seier Hagen.

Naturen definerer

Likevel vil noko alltid vere der, meiner Hagen.

– Naturen vår, for han er også med på å definere oss. Etter kvart som eg har utvikla med som teiknar, vender eg stadig tilbake til desse kulissene når eg til dømes skal kommentere omgrep som verdiskaping. Som sunnmøring er eg flink til å få fram dette, seier han med eit smil.

Utstillinga i Kunsthuset opnar torsdag ettermiddag, og Hagen skal også vere med på målbar på folkehøgskulen same dag, medan han torsdag skal møte næringslivet på næringslivsfrukost på Kunsthuset.

Ivar Aasen

– Der skal eg prate mykje, om mellom anna kor bortkasta det er å bruke pengar på First House og kommunikasjonsbransjen når dei har kunnskapen sjølve, seier han.

Teikningane han stiller ut er både avisteikningar han har publisert, og andre som han har funne fram for høvet.

– Mellom anna teikningar av Ivar Aasen som eg ikkje har vist fram tidlegare. Det er spennande korleis Ivar Aasen framleis er med på å definere oss, seier VG-teiknaren.