– Barneboktua er eit litt annleis bibliotek. Det er berre ope i sommarferien og det er sjølvbetent. Alle som kjem dit kan finne seg ei bok og setje seg ned og lese i vakre omgivnader og så leggje boka tilbake igjen før dei går, seier formidlar Liv Astrid Skåre Langnes i Aasen-tunet i ei pressemelding.

Tunkatten Lurivar har i fleire år hatt eit utandørs barnebibliotek på Høgetua, ein liten gåtur opp i skogen frå Aasen-tunet, i det området der Ivar Aasen sjølv leika som gutunge. Dette har vore svært populært, og difor er no tilbodet om utebibliotek å finne i Herøy, Ulstein, Hareid, Volda, Hornindal, Stryn og Sula kommune.

Du finn bøkene i ei fargerik postkasse som er godt merka med både potemerket til Lurivar og eige skilt.

– Borna finn heilt sikkert ei bok dei synest er spennande i utvalet til Lurivar, som har tenkt spesielt på born frå tre til ti år. Bøkene er ei gåve frå Ivar Aasen-tunet og forlaga Skald, Publica Bok, Mangschou og Det Norske Samlaget.

I Ørsta er barneboktua på Høgetua ovanfor Ivar Aaasen-tunet, og ved turmålet i Daleteigane ved Mossetrevegen.