– Eg ser fram til å ta til i arbeidet. Eg har bakgrunnen min frå opplevingsbasert reiseliv, og det er noko eg vil satse vidare på med Sagafjord og Hjørundfjorden, seier Otterlei.

Ho har utdanning innan reiseliv, og har m.a. arbeidd i Italia i åtte år.

– Men ein morgon vedgjekk eg at eg hadde lyst heim til Sunnmøre. Eg er veldig oppteken av friluftsliv, og slik er arbeidet på Sagafjord perfekt for meg. Eg ynskjer å ha tette band både til Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og dei andre aktørane i reiseliv i Hjørundfjorden. Eg meiner vi må spele på lag med kvarandre, og utvikle Hjørundfjorden som reisemål vidare, fortel Otterlei.

Vil bu på Sæbø

Ho har ein klar plan om å busetje seg på Sæbø.

– I fyrste tida vil eg bu på hotellet, men etter kvart ynskjer eg å finne meg eit hus i området, seier Otterlei.