Saka om buplikt på bruket på Sætre i Hjørundfjorden har gått føre seg ei stund. Tidlegare i år gjorde landbruksnemnda vedtak om å oppretthalde buplikta. Dette vedtaket klaga Endre Sætre på, og Fylkesmannen i Møre og Romsdal bestemte at Ørsta kommune måtte handsame konsesjonssaka på nytt. Sætre, kona Olianne og familien bur i Asker, og har planar om å utvikle gardsbruket til reiselivsføremål mellom anna. Dei ynskjer framleis å bu i Asker, men gjennom ymse avtalar har dei folk som ser etter bruket, tek seg av turistane, medan dei sjølv så ofte dei kan er på Sætre inst i Hjørundfjord.

– Denne saka har forandra seg i mine auge med dei nye krava knytt til buplikt i konsesjonslova. No er krava heva frå 25 dekar dyrka areal til 35 dekar fulldyrka jord. Om arealet i Bakkedalen som er knytt til bruket vert ein del av totalen, heng eg ikkje lenger med. Dette er eit område som ikkje er røyvd på femten år. Dermed meiner eg at byrjar å ordne seg i Sætre sin favør, sa Idar Henning Vatne (Frp) då saka var oppe til ny handsaming i landbruksnemnda måndag ettermiddag.

Alternativt forslag

Han fekk støtte frå Anne Sølvi Vatne (H) og Sigve Aklestad (KrF). Administrasjonen tilrådde at Sætre fekk konsesjon, men at buplikta skulle oppfyllast med personleg buplikt i fem år eller upersonleg buplikt i ti år.

– Det er uheldig for området og bygda at dei ikkje vil bu der, samtidig så har realitetane endra seg. Totalt er eigedomen til Sætre på 40,4 dekar. Differansen her er berre på fem mål før han kunne teke over konsesjonsfritt etter dei nye reglane, sa Aklestad.

KrF-politikaren la fram eit alternativt forslag til vedtak der landbruksnemnda ville gje konsesjon på eigedomen utan vilkår. I forslaget vart dei endra føresetnadane i konsesjonslova vektlagt. I tillegg til det som vert kalla ei realitetsorientering om ulendt areal i Bakkedalen.

– Fulldyrka areal på eigedomen er etter nøyaktig oppmåling i 2017 fastsett til 40,4 dekar, men landbruksnemnda har gjennom sin dokumentasjon vekta arealet på 15,7 dekar i Bakkedalen som lite teljande, heiter det i forslaget.

Presedens

Leiar Ola Perry Saure stilte spørsmål om det alternative forslaget vil skape presedens for komande saker.

– Det er mange som ligg nokre få dekar over kravet på 35 dekar fulldyrka jord. Viss vi går inn for forslaget legg vi oss kanskje på ei presedensline som vi må følgje opp i liknade saker.

– Vi som handsamar sakene klarer å sjå nyansane i dei ulike sakene, svarte Aklestad.

Forslaget frå Aklestad fekk fleirtal og vart vedteke mot stemmene til Saure (Sp) og Annfrid Lødemel (Sp). Før saka vart handsama vart gildskapen til Saure vurdert, og Saure vart funnen gild.

Får drive : Endre Sætre får drive bruket på Sætre utan buplikt. Arkivfoto Foto: Rune Sæbønes