Statistikken frå Statens vegvesen viser at den samla årsdøgntrafikken forbi målepunktet i Hovdebakken var 9.340 køyretøy i 2016. Årsdøgntrafikk (ÅDT) er den gjennomsnittlege trafikken per døgn gjennom heile året.

Det er på kvardagar det er høgast trafikk på denne strekninga. I 2016 passerte det 10.629 bilar i døgnet i Hovdebakken, som er av dei mest trafikkerte vegstrekningane i Ørsta og Volda. Berre E39 gjennom Ørsta og Volda sentrum har meir trafikk. I Ørsta sentrum er trafikken rundt 12.000 køyretøy i døgnet.

Trafikken har auka jamnt og trutt dei siste åra. Trafikken på kvardagar auka frå 10.307 til 10.629 bilar frå 2015 til 2016. Auken var tilsvarande samla sett. Det var i 2014 at trafikken på kvardagar passerte 10.000 i døgnet for første gong.

Trafikken i Hovdebakken er markant lågare i helgene. Den gjennomsnittlege helgetrafikken var 6.444 bilar i 2016. Men også her er det auke.

Vartdal og Nørestranda

På E39 frå Ørsta mot Vartdal er trafikken vesentleg lågare enn mot Volda. Ved målepunktet på Sætre (ved den gamle vektplassen) var årsdøgntrafikken 3.227 køyretøy i 2016, og ved Flåvika på Vartdalsstranda var trafikken 2.446 køyretøy. Ved Sætre aukar trafikken på linje med utviklinga elles, medan det er ein liten nedgang (frå 2.450 ved Flåvika).

Begge desse målepunkta har ein prosentvis høgare andel av store køyretøy (større enn 5,6 meter) enn det som er tilfelle i Hovdebakken. Det var i 2016 726 store køyretøy i døgnet i Hovdebakken, medan Sætre, som har langt lågare trafikk totalt, hadde 423 store køyretøy i døgnet.

Eiksundsambandet

Trafikken mellom Ørsta og Volda og øyane har auka svært mykje etter at Eiksundsambandet opna i 2008. Denne veksten heldt fram i 2016.

Årsdøgntrafikken i sambandet enda på 2.944 køyretøy, mot 2.824 køyretøy i 2015 og 2.547 køyretøy i 2014.

På kvardagar er trafikken no godt over 3.000 køyretøy i døgnet (3.292 i 2016 mot 3.160 i 2015 og 2.873 i 2014). I helgene er trafikken lågare (2.163 køyretøy i 2016). Dette speglar Eiksundsambandet sin viktige funksjon som pendlarveg. Men det er også auke i helgetrafikken.

Eiksundsambandet har ein lågare andel store køyretøy enn strekningane på E39.

Kvivstunnelen

Trafikken gjennom Kvivstunnelen, altså mellom Sunnmøre og indre Nordfjord, har auka kvart år sidan opninga i 2012. Dei siste åra har auken vore på om lag 100 bilar i året: Frå 1.325 i 2014 til 1.476 i 2015 og 1.581 i 2016.

I motsetnad til dei fleste andre vegar i distriktet, har Kvivstunnelen høgare trafikk i helgene enn på kvardagar. Helgetrafikken var på 1.733 bilar i 2016, medan kvardagstrafikken berre var på 1.513 køyretøy.

Kvivstunnelen har med andre ord ein viktigare funksjon som fritids- og ferie- og langturveg enn til dømes Eiksundsambandet.

Kvivstunnelen har også klart høgare trafikk om sommaren enn elles i året. I juli i fjor køyrde 2.251 køyretøy gjennom Kvivstunnelen.