Andresen er tilknytt advokatfirmaet Judicia, men har oppdrag mellom anna for barnevernstenesta i Ørsta, Volda, Hareid og Ulstein, og Volda kommune. Til liks med dei tilsette i barnevernet på søre Sunnmøre har hatt blitt utsett for uønskt omtale på barnevernskritiske nettsider.

3 to go!

«Fire barnevernsadvokater er ansvarlege for mange tragiske skjebnar», står det på ei slik nettside. I ein montasje er det bilete av fire advokatar, der biletet av den ein er liggande. «One down, 3 to go !», står det.

–Ein stad går grensa. Eg har visst i lang tid at der er sjikane og truslar mot barnevernet. Men eg føler at dette er eit knepp opp, seier advokat Reidar Andresen.

Han opplever omgrepet «barnevernsadvokat» som problematisk.

–Som advokat er det viktig å halde på stempelet som uavhengig, og vi har krav på å ikkje bli identifisert med klientane, seier Andresen.

Men det er den underliggande trusselen som er mest alvorleg

– Eg har anmeldt denne saka fordi eg meiner det er forsøk på å påverke ein aktør i rettsvesenet, noko som er ulovleg og som det bør slåast ned på. Vi som er aktørar i rettsvesenet har eit særskilt vern mot denne typen press, seier advokaten.

Kollega er samd

Også ein av dei andre fire advokatane meiner montasjen er lovstridig.

– Dette er relativt grovt, og har ein undertone eg mislikar. Når eg kjem heim frå ferie vil, eg anmelde saka, seier advokat

Roar Vegsund, som mellom anna har oppdrag for barnevernet i Stryn.

Uroleg barnevernssjef

I eit intervju i Møre-Nytt tysdag fortalde barnevernsleiar Brynhild Solvang at dei tilsette opplever omtale på sosiale medium som belastande, og i nokre tilfelle truande. Ei slik sak vart nyleg meldt til politiet av Volda kommune.

– Det er ein aukande tendens til at det ikkje vert skilt mellom person og sak, seier advokat Reidar Andresen.

Han meiner det ikkje er nokon spesiell grunn til at Barnevernet i Ørsta, Volda, Hareid og Ulstein skal bli hengt ut på nettet.

– Mi generelle oppfatning er ar dei tilsette i barnevernet på søre Sunnmøre er flinke folk som gjer ein god jobb. Når sakene vert fremma i domstolane og fylkesnemnda for barnevernssaker ser vi at dei stort sett at det lokale barnevernet får medhald, seier Andresen.

Lensmann Guttorm Hagen i Ørsta og Volda seier at dei har registrert to saker som gjeld nettsjikane mot tilsette i barnevernet.

– Sakene er i restanse hos oss, og er såleis ikkje ferdig etterforska. Det er for tidleg å seie noko om korleis desse sakene vert avgjort, seier Hagen.

Vanskelege saker

Lensmannen seier at det er ein generelt aukande tendens til nettsjikane mot barnevernet og fleire andre i utsette yrkesgrupper.

– Barnevernet og dei tilsette der kan vanskeleg kome med tilsvar grunna teieplikt. Eg skjønar godt at dei tilsette opplever slik omtale som ei påkjenning. Men det kan vere vanskeleg å trekkje grensa mellom lovlege ytringar, sjikane og truslar, seier lensmannen.

Advokat: Reidar Andresen har juridiske oppdrag for det lokale barnevernet. Foto: svein aam
Poltiet: Lensmann i Ørsta og Volda, Guttorm Hagen. Arkivfoto Foto: Kjell-Arne Steinsvik