Administrasjonen i kommune  rår til at det blir gitt dispensasjon frå reguleringsplanen for Sæbø sentrum til å legge ut ei flytande badstove. Badstova er allereie under konstruksjon på Sæbø.

Badstova er inspirert av den flytanda saunaen på Sørenga i Oslo sentrum. Ho er plassert på ei enkel flåte med mål på fire gonger fem meter, og er tre meter høg.

Tanken er at badstua i tillegg til den faste lokaliseringa som er omsøkt, kan vere mobil og eventuelt flyttast rundt i høve diverse arrangement i Hjørundfjorden.

Badstova er plassert inne i «huken» av kommunekaia, på nordsida av det gamle kommunehuset.

Det er ei gruppe på seks personar som står bak tiltaket. Målet er å skape eit kult og unikt tilbod, som kan tiltrekke seg både fastbuande og turistar.

– Rådmannen ser på dette tiltaket som eit døme på optimismen som synest å prege utviklinga på Sæbø. Det har etablert seg fleire nye familiar i området, det vert satsa på bustadbygging både i sentrum og på Sæbøneset, og det er sett i gang fleire ulike tiltak for å skape aktivitet og bulyst på Sæbø. Dette tiltaket kan seiast å inngå i eit slikt positivt bilde av situasjonen på Sæbø. Det er såleis ønskjeleg om kommunen kan medverke til at slike positive tiltak kan verte gjennomført. Det vil kunne legge til rette for vidare positiv utvikling av Sæbø sin attraktivitet både som område å bu på og besøkje, skriv sakshandsamar Gunnar Wangen.

Han ser berre mindre, negative verknader av tiltaket. Saka kjem opp i samfunnsutvalet tysdag 2. mai.

Onsdag skal levekårsutvalet handsame ein søknad om tilskot til fjordsaunaen. Administrasjonen tilrår at badstoveprosjektet får 10.000 kroner i støtte.