66 igangsette bustader i Ørsta i 2016

Volda låg lenge over Ørsta på statistikken over bustadbygging. I 2015 og 2016 har dette snudd. Medan det vart igangsett 56 og 66 bustader i Ørsta i 2015 og 2016, var tala 44 og 43 for Volda. Det viser den nyleg offentleggjorde årsstatistikken frå Statistisk sentralbyrå.

Dei 66 bustadane i Ørsta utgjer til saman 9.905 kvadratmeter. Det gir ein gjennomsnittleg sotrleik på om lag 150 kvadratmeter. I Volda er totalen 5.790 kvm., og gjennomsnittet om lag 134 kvm. Mange av bustadene i Ørsta er i kategorien «småhus med 3 boliger eller flere». Elles er det snakk om einebustader og tomannsbustader. I Ørsta uutgjer «store samanbygde bustadbygg på 2 etasjer» den største gruppa.

Ørsta har hatt ei god utvikling i bustadbygginga dei siste fem år. I 2012 vart det sett i gang bygging av 31 bustader, 45 i 2013, 21 i 2014, 56 i 2015 og 66 i 2016. Vi må tilbake til 2011 for å finne fleire igangsette bustader i Ørsta. Då vart det sett i gang bygging av 73 bustader i kommunen.

2011 var også eit toppår i Volda. Då vart det igangsett heile 107 bustader i kommunen. Etter det har utviklinga vore svakare: 33 bustader i 2012, 63 i 2013, 61 i 2014, 44 i 2015 og 43 i 2016.

Naboane

Av nabokommunane det er naturleg å samanlikne Ørsta og Volda med, er det tre som skil seg ut i positiv retning: Stryn, Ulstein og Sula. I Stryn vart det igangsett 86 bustader i 2016. Det er klart høgare enn alle dei fem siste åra. I 2014 vart det til dømes berre igangsett 12 bustader i Stryn.

I Ulstein vart det igangsett 90 bustader i 2016. Det er eit sterkt tal samanlikna med nabokommunane, men likevel langt unna toppåra 2012 og 2013. Då vart det sett i gang bygging av 158 og 159 bustader i kommunen. I Sula vart det sett i gang 95 bustader i 2016.

Eid, Herøy og Giske ligg noko lågare på statistikken med 50, 43 og 32 igangsette bustader i 2016. Hareid kjem klart svakast ut av kommunane vi har sett på her, med berre 6 igangsette bustader i 2016. Dette er langt svakare enn tidlegare år.

Ålesund ligg sjølvsagt på bustadbyggingstoppen på Sunnmøre. Her vart det igangsett 240 bustader i 2016. Det er likevel svakare enn 2013 og 2014, då det vart sett i gang bygging av 365 og 306 bustader i kommunen.