Fleire aktuelle strekningar skal synfarast, i tillegg til at det vert bedriftsbesøk.

Delegasjonen kjem til Festøya tysdag føremiddag, og det er fyrst lagt inn ei synfaring i Barstadvik. Her er det strekninga Hjellen – Barstadvik medlemmene i nemnda skal sjå nærmare på. Det har i mange år vore eit sterkt ynske frå innbyggjarane i Barstadvik og Ørstas kommune at det kjem gang- og sykkelveg langs E39 her.

Det er snakk om ei 200 meter lang strekning, som førebels ikkje har vorte prioritert frå fylkeskommunen si side.

Åmdalen

Etter synfaringa i Barstadvik går turen til Åmdalen, og fylkesveg 655. Også her er det ynske om gang- og sykkelveg, og til stades under synfaringa vert representantar frå grendelaga og ordførar Stein Aam.

Det er vidare lagt opp til synfaring og møte med leiinga i Vik Ørsta, før dagen vert avslutta med ordinært møte i utvalet.