Det seier Kenneth Nydahl, Asmund Høydal og Solveig Storeide i Volda TI fotball. Gjennom mange år har parkeringsplassen ved stadionområdet i Volda vore gruslagt. I samband med at Volda kommune er i gang med eit større asfalteringsarbeid tok fotballgruppa kontakt for å få utbetra parkeringsplassen.

– Kommunen tildelte oss kvadratmeter med asfalt, men vi fann ut at vi ville mangle 800-1.000 kvadratmeter for å fullført arbeidet, seier Nydahl.

Det vart skrive søknader om midlar og Volda TI fotball fekk tildelt 50.000 kroner frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre til arbeidet.

– Det var vi hoppande glade for, men vi kom ikkje så frykteleg langt med den summen. Det har vore møteverksemd og for eit par dagar sidan fekk vi klarsignal frå banken tek kostnaden for asfalten som skal leggast. For klubben sin del er det fantastisk, og ikkje minst for området sin del. Stadionområdet blir no ei perle, seier Nydahl.

Støv frå grusen ved Volda stadion vil bli historie når området vert asfaltert. Foto: Joachim Åsebø

– Vi snur på kvar ei krone i klubben. Hadde vi ikkje fått til dette løftet no så hadde det blitt halvvegs, seier Storeide som er dagleg leiar i Volda TI fotball.

Det står framleis att litt arbeid før asfalteringa skal starte opp, men det er von om at det kan stå klart til opninga av aktivitetsparken 24. august.

– Skulle vi ha leigd inn folk for å gjere dette arbeidet hadde den totale kostnaden vore på 800.000 til ein million kroner. Difor er det eit fantastisk bidrag vi no har fått, og vi får eit praktanlegg for heile kommunen og nabokommunane, seier Nydahl.

– Vi brukte ikkje lang tid på å bestemme oss for å vere med på dette, seier adm. direktør Stig Brautaset i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.