– Treng laget, gruppa eller klassa å fylle opp kassa for ein tur, cup eller arrangement? Meld dokke på oppgåver for å skape ei flott 17. mai feiring i Ørsta, skriv Ørsta kommune på sine heimesider.

Ørsta kommune oppmodar no lag, foreiningar, klasser, kor eller vennegjengar til å melde seg på ei 17. mai oppgåve.

På nettsidene til Ørsta kommune kan ein altså melde seg på diverse oppgåver for å få tilskot.

Der er totalt åtte oppgåver og det går på alt ifrå flagg-oppsett, organisering og trafikksikring av barnetoget, til å organisere ein folkefest i Laguneparken.