Ørsta kommune etterlyser arbeidslystne som kan vere med og skape ei flott 17. mai-feiring i Ørsta.

Kommunen skriv på si heimeside: - Treng laget, gruppa eller klassa å fylle opp kassa for ein tur, cup eller andre arrangement? Frist 1. mars.

Dei som kan melde seg på er til dømes lag, foreiningar, kor, vennegjengar og klasser, og kvar gruppe må ha ein ansvarleg kontaktperson.

Oppgåver og tilskot

Det er mogleg å melde seg til fleire oppgåver. Om fleire melder seg til same oppgåve avgjer kommunen ved trekking.

Oppgåve 1: Flagg, banner og pynting (tilskot kr. 5000)

Oppgåve 2: Organisere oppstilling og setje i gang barnetoget (tilskot kr. 3000)

Oppgåve 3: Trafikksikring barnetoget (tilskot kr. 5000)

Oppgåve 4: Leikar på Ørsta stadion (tilskot kr. 3000)

Oppgåve 5: Kafé på Ørsta kulturhus (inntekter frå matsal)

Oppgåve 6: Folkefest i Laguneparken (tilskot kr. 10 000)

Oppgåve 7: Organisere oppstilling og setje i gang folketoget (tilskot kr. 3000)

Oppgåve 8: Trafikksikring folketoget (tilskot kr. 5000)

Oppgåve 9: Kafé/kiosk i Ørstahallen (inntekter frå matsal)

Frist for å melde seg er altså fredag 1. mars.