Fylkeskommunen strammar inn ordninga med tilrettelagd transport (TT-ordninga), som gir eldre og funksjonshemma stønad til å ta drosje

– Budsjettet frå og med 2024 vert redusert frå 15 millionar kroner til 10 millionar kroner. Som ein konsekvens av vedtaket må talet på brukarar i ordninga reduserast, står det i eit skriv til kommunane.

Endringane har vore varsla før, og no har fylkeskommunen sendt ut retningslinene.

– Dårleg signal

Mellom dei som reagerer på endringa er kommunedirektøren i Volda.

– Dette er ei innskrenking av ordninga. Ei ordning om er viktig for at folk skal kunne bu lengre heime, seier kommunedirektør Rune Sjurgard i Volda til Møre-Nytt

Han meiner fylkeskommunen med dette sender ut eit dårleg signal.

– Dette trekket frå fylkeskommunen signaliserer ikkje godt lagspel med kommunane i strategien om å leggje til rette for at innbyggjarane kan greie seg lenger i eigen heim. Dersom folk på grunn av manglande transport må inn på kommunale pleie- og omsorg tidlegare, så vil fylkeskommunen si innsparing medføre auka utgifter på kommunane og redusert livskvalitet for den enkelte innbyggjar.

Slik er endringane

I retningslinene står det mellom anna:

– Det vert innført eigendel på 40 kroner per reise frå 1. januar 2024

– TT­kortet kan ikkje brukast til å dekkje eigendelen

– Brukarar som per dags dato i år ikkje har nytta TT­midlane vert teken ut av TT­ordninga

– Frå og med dags dato vert ingen nye brukarar teken inn i TT­ordninga

– TT­brukarane må innan 1. oktober 2024 søkje om TT­midlar for 2025 etter dei nye retningslinene

– Det vert oppretta venteliste for søkjarar som fyller kriterieria og ikkje får tilbod om reisestøtte.