Det er ikkje alle som kan sjå tilbake på sitt eige fotballiv og seie at dei har vore med på å slå lag som hadde profilar som Ole Gunnar Solskjær, Trond Andersen, Ronny Deila, Erik Hagen og Steffen Iversen. I den siste glanstida til a-laget til Ørsta på 90-talet skjedde dette med Svein Erik «Rikken» Grevsnes som lagkaptein. På den tida var Ørsta berre eitt poeng ifrå å rykke opp til 1. divisjon. Skrur vi tida fram til 2017 er framleis lagkapteinen frå 90-talet å finne på fotballbana. Drakta er framleis kvit, men på brystet finn vi logoen til Åmdal. Mykje har skjedd i lokalfotballen sidan 90-talet, men i Ørsta-fotballen har Rikken halde stand og gjer det framleis i midtforsvaret til Åmdal i 6. divisjon.

– Eg har ein lidenskap for idretten og for fotballen både på godt og vondt. Eg er nok ein av dei som har ein ekte lidenskap som eg har måtte tone ned med åra.

Som 16-åringen fekk Rikken sin debut for Ørsta sitt A-lag i 1988. Det vart 369 kampar for det meste i offensive posisjonar. Berre Kjell-Arne Sætre og Stein Aam har fleire kampar i Ørsta-drakta.

– Vi som var med på den tida har blitt fortalt at den største glanstida til Ørsta-fotballen var før vår tid, men vi var med i den siste glanstida. Det spesielle var at vi den gongen trente dobbelt så mykje som dei som held på i dag. Eg trur vi trente mykje hardare, målbevisst og målretta. Vi var 22 spelarar i a-stallen. Kom spelar nummer 23 på trening vart han sendt heim att fordi det ikkje var plass til han. Slik er det ikkje i dag.

Då Rikken vart familiefar for andre gong valde han å gje seg i Ørsta, og Terje Leira klarte å lokke han fram på Legene til Åmdal i 2001. At han framleis skulle stå oppført som aktiv spelarar seksten år seinare hadde han ikkje trudd sjølv.

– Det var ikkje lagt til rette for å sluntre unna ei trening i Ørsta tidleg på 2000-talet. Det var ikkje dermed sagt at eg ikkje hadde noko å bidra med. Eg har følt at eg godt kunne ha bidrege vidare for Ørsta, men slik vart det ikkje.

I Åmdal har Rikken klubberekorden med over 400 spelte kampar, og han var spelande trenar i fjorten sesongar. Denne sesongen har han ikkje det ansvaret, men han er framleis blant dei som ropar høgast når det er kamp i 6. divisjon. Trenargjerninga i seniorfotballen er bytta ut med Ørsta sitt G13-lag. Det er ein ting fotballveteranen skulle sett forbetra i dagens fotball.

– Under Lerum Cup møtte vi eit lag frå Askøy som vann heile turneringa. Det laget hadde fem obligatoriske treningar i veka. Vi har mange spelarar i Ørsta som har lyst til å trene meir, men kabalen går ikkje opp. Dei som har lyst til å bli gode må få lov til å trene meir, og vi må gjere meir for å ta vare på dei gode talenta i Ørsta-fotballen.

46-åringen har ikkje konkrete planar om legge fotballskoa på hylla endå. Det er kroppen som skal få bestemme når tida er inne.

– Når eg har det låkt og ikkje får sove om kveldane då får det vere nok. Så lenge åmdalingane vil ha meg med tykkjer eg det er kjekt.

– Er gleda med å vere på ei fotballbane den same i dag som på 90-talet?

– Ja. Kona mi Astrid tykkjer det er kjekt å konkurrere med sine ting, og eg tykkjer det er kjekt å konkurrere med fotballen enno. Det er ikkje alltid like enkelt å få med seg beina lenger, men eg ser stort sett kvar dei skulle ha vore for 10–15 år sidan.

Gleda ved å vere i aktivitet er noko som både Svein Erik og Astrid set stor pris på. Nyleg feira Astrid 40 år, og då reiste heile familien til Lom og bursdagen vart feira med å klatre Galdhøpiggen. Med fire barn i heimen er kvardagen hektisk med både handball, fotball og ballett på aktivitetslista. Det er viktig for familien å sette av tid til å vere i lag. For nokre år sidan vart ferien nytta til å gå Noreg på tvers.

– I løpet av ei veke vert det mellom tolv til femten turar til Ørsta for å levere ungane på ulike aktivitetar. Ro får vi ikkje så mykje tid til, men vi har mykje glede av backe opp idrettane og aktivitetane til ungane. Då er det herleg å bu i Bjørdalen å kunne ta seg ein fjelltur eller sykkeltur i lag som familien. Det vert vanskelegare etter kvart som dei veks opp, men det handlar litt om å stille litt krav og ikkje gje etter. Dørstokkmila er verst for dei. Når vi samla og først har kome oss på tur har vi det kjekt. Der trur eg faktisk ein del har noko å hente, inkludert oss sjølve.

Når familien lukkast med ein tur, eller ungane opplever meistring, er det ei kjempestor glede for både Svein Erik og Astrid. Friluftsinteressa har vore veksande i familien. Ute i naturen er det langt tilbake til minna om 25 treningsdagar i februar under leiing av Steinar Ringdal og trening på grusbana med 20 mm lange ispiggar under fotballskoa. Rikken hugsar godt organiseringa til dagleg leiar Roar Vinjevoll, og då A-laget var på tur var alt lagt til rette utan at det var nokon luksus. Dei timane Rikken får bruke på fotballbana i veka er som balsam for sjela.

– Nettverket du etablerer deg gjennom eit langt liv i idretten er unikt, enten det er i friidrett, handball, alpint eller fotball, men fotballfamilien er stor. Du får oppleve at det er gjennom motgang vi blir sterke. Klarer vi å stå i lag på ei fotballbane og kjempe er det mykje vi kan få til.