Ragnhild Vatne sit benka rundt bordet saman med bebuarar og pårørande ved Ørstaheimen. Det er dekka på til den årlege jordbærfesten i regi av pårørandegruppa.

– Eit veldg flott tiltak, rosar Vatne.

– Og nydelege jordbær.

Valldaljordbæra kom tidleg i år. Difor vart også jordbærfesten ei veke tidlegare enn det som er tradisjonen.

– Vi må ha skikkelege jordbær når vi gjer dette, så vi følgjer nøye med på modningsprosessen for jordbæra, seier leiar for pårørandegruppa, Eli Sporstøl, lattermildt.

Og det er ein tradisjon både bebuarane og dei pårørande set pris på.

– Tilbakemeldingane er svært gode. Dette er rein kos, med underhaldning.

Åsmund Engeset, Eldar Nytun og Elsa Bratten stod for det musikalske, på trekkspel og toradar, med kjende og kjære melodiar.

– Dei er med oss mange gongar, og er svært lette å be når vi ønskjer litt musikk, seier Sporstøl.

Jordbærfesten er eit årleg arrangement, men pårørandegruppa lagar også tilstellingar jamt heile året. Den første laurdagen i kvar månad inviterer dei til ulike arrangement med underhaldning, blautkake og kaffi.

–Og så prøver vi å finne på litt ulike aktivitetar. Det er viktig å halde hjernen og kroppen i gang. Det er veldig kjekt å lage til slike ting, for vi ser at det betyr mykje!

Og jordbærfesten fall i smak hos alle.

– Ein god tradisjon, og gode jordbær! seier eit nøgd par, Bjørn og Jorid Roth.