– Jordbruksnæringa er ein storforbrukar av plast. Seinare tid har synt oss at det er naudsynt å ha kontroll på plasten etter at vi har gjort oss nytte av den, skriv Ørsta kommune på sine heimesider.

Anlegget i Hovdebygda tek imot om lag 80 tonn kvart år.

– Likevel ser vi at rundballeplast kjem på avvege og vert ei kjelde til ureining. Ikkje alle bidreg til dugnaden med å få plasten trygt til Hovdebygda. Vi har alle eit ansvar for å handtere vårt eige avfall, og då m.a. å handtere plasten frå rundballar på ein god måte.

Forskriftsmessig handtering utelet brenning, deponering eller nedgraving som alternativ. For kvar kilo plastemballasje som vert seld betalar forhandlarane og produsentane av plastemballasje eit vederlag til Grønt Punkt Noreg.

– Dette vederlaget er lagt inn i prisen som du betaler for plasten, og desse pengane sikrar at sortert plast kan leverast gratis til innsamlar. Det er dårleg reklame for næringa når plast flyg ikring, heng seg i tre og kratt, på gjerde, mv, skriv kommunen.